Statsbudsjettet er klart, med ei løyving til breibandutbygging i ikkje-kommersielt utbyggbare område på 126,9 millionar. Gjennomsnittet sidan 2009 er 119 millionar kvart år, så årets løyving er altså på det jamne. Behovet for statsstøtte for å gi skikkeleg breiband til 98% av folket i Norge er 3,5 milliardar. Det mest skuffande er at dagens regjering ikkje synest å bry seg, trass i alt snakk om omstilling, bioøkonomi og grønt skifte.

Det mest skuffande er at dagens regjering ikkje synest å bry seg,trass i alt snakk om omstilling

Verdiskapinga er kanskje høgast i tettbygde strøk, men produksjonen vil gå føre seg på dei mest bortgøymde stader. Då treng vi altså digital infrastruktur. Eg peika i ein blogg i juni på behovet i samband med velferdsteknologi og skytenester til næringslivet. Det er hyggeleg at Venstre med Terje Breivik i spissen tek ansvar og tvingar nivået på løyvingane oppover. Men det går for seint. Uansett: Vi må halde oss til det vi har, altså minimale løyvingar. Difor sitatet fritt etter far til Petter Stordalen.

Men det går for seint

Medlemmer i stortingsgruppa til Høgre stadfestar at det har festa seg ei oppfatning av at statlege tilskot ikkje er vegen å gå, det må setjast press på utbyggarane. Eg er svært nysgjerrig på kva press Høgre sine fremste politikarar skal legge på private selskap for å få dei til å investere i storleiken kr 50.000 for kvar breibandkunde.  Det maksimale vi oppfattar no er om lag halvparten. Det treng ikkje vere tvil: Staten må trø til for å sikre digital infrastruktur til alle, det viktigaste og billegaste samferdsleprosjektet. Så korleis utnyttar vi pengane best mogleg?

Så korleis utnyttar vi pengane best mogleg?

Kutt ut saksbehandlinga hos Nkom

Som leiar i Nasjonalt Breibandråd har eg det aller beste forhold til Nkom, tidlegare Post- og teletilsynet. Men det er sett opp eit byråkratisk apparat som er rusta for løyvingar i milliardklassen. Å bruke dette til fordeling av 127 millionar er tøv. Gi pengane direkte til fylka, bruk dekningsanalysen til Nexia som kontrollerbart faktagrunnlag. Vi skal gjere det inkludert for «skattebetalernes penger». 600.000 til Nkom for jobben er ikkje mykje, men sikrar NGA til ein 15-20 husstandar. Ein artig bieffekt er at både Vestfold og Akershus ville fått midlar til å bygge ut «kvite» område for. Aldeles utan ekstrainnsats.

Endre kriterium for statsstøtte

I dag er kriteria for statsstøtte av ein eller annan merkeleg grunn festa til 30 Mbs nedstraums hastigheit. Målet i regjeringserklæringa er 100 Mbs. Det bør også danne grunnlag for statsstøtta. Alle innanfor 1 km frå fibernode kan få 100 Mbs i dag. Fleire av desse får i dag statsstøtte, medan dei som bur lenger vekk er dei som har det reelle behovet. Snittkostnaden i årets tildeling var 29.000 per husstand, medan statsstøtta var 11.000 per husstand. Svært mykje tyder på at vi gir statsstøtte til ei rekkje prosjekt som heilt eller delvis skulle vore utbygde kommersielt. Den hardt arbeidande skribenten Arne Joramo i Telecom Revy har belyst dette grundigare. I min barndoms dal bygde Televerket fullautomatisert sentral i 1963, sentralnettet vart ikkje automatisert før mange år seinare. Då var jobben i dei «verste» områda gjort.

Vi må tillate lokale monopol

Dersom vi skal sikre full konkurranse i Grukkedalen, slik Samferdsledepartementet vil i si melding til EU, vil det i alle fall koste pengar. Det betyr at langt færre vil få tilbod om breiband enn vi klarar med dagens ordning. Vi går altså nedover i reell innsats.

 

Jan Heggheim

Leiar Nasjonalt Breibandråd

Jan.Heggheim@sfj.no