norgeUtbygginga av breiband med høg fart (NGA, Next Generation Access), går for seint. Det er semje om at dette for det meste tyder tilgang til fiber. I dag har berre 23% av folk og næring i bygdene fibertilgang, medan tilsvarande tal i byane er rundt 90%. (Kjelde: Telecom Revy).

Av Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Mange på bygdene bur i område der utbyggingskostnaden er dobbelt så høg som ein kommersiell utbyggar vil akseptere. Samstundes er dei statlege løyvingane på eit mikroskopisk nivå med tanke på å dekkje gapet mellom kommersiell utbygging og det som faktisk trengst. Dette er kritisk, og vi kan illustrere kvifor med tre «bølgjer»:

Bølgje 1: Lansering av Netflix

17. oktober 2012 kunne vi i Norge begynne å sjå filmar via strøymetenesta Netflix. Dette førte til at trafikken på nettet auka med 40% nesten over natta. Så veit vi at bruken har auka kraftig, og vi snakkar faktisk om 40% årleg auke i nettrafikken, og det er eit gigantisk tal for alle som kan å rekne rentes rente.

Bølgje 2: Bedriftene går til skyene

Fram til no har dei fleste bedriftene hatt breibandbehov som er på linje med, eller lågare enn ein familie. Dette er fordi behovet har vore e-posttrafikk og litt til. Dei driftskritiske sakene har lege på serverar inne i bedrifta, i eigne kjølte rom. Drifta og sørvis på desse har vore handtert av bedrifta sine eigne eller lokale/regionale datafirma. Dersom ein følgjer med på reklame retta mot næringslivet, vil ein sjå at tilbydarar av såkalla skytenester er veldig synlege. Dei fleste bedrifter ser ein stor gevinst i å drifte nettverket gjennom skytenester. Dette tek no av, og gjer at datatrafikken i bedriftene aukar dramatisk.

Bølgje 3: Teknologi i pleie- og omsorgssektoren

Det er her kommunereforma kjem inn. Skal vi handtere veksten i talet eldre framover, må vi straks ta i bruk tilgjengeleg teknologi for overvaking og kommunikasjon. Større kommunar vil truleg vere betre i stand til å ta dette i bruk enn mindre, men det føreset ein digital infrastruktur der dei eldre bur, altså der kommunen vil at dei skal halde fram med å bu. Dette varierer i dei fleste kommunar i dag frå glitrande tilhøve i sentrum til nærast ingenting mange stader. Skal det då bli slik at dersom du bur i Stardalen er tilbodet frå kommunen heilt greitt, medan i Bulandet er det ikkje til stades?

Vi må berre venne oss til tanken: Digital infrastruktur er like viktig som veg, vatn og kloakk. Det er på tide å flytte denne talemåten over på praktiske tiltak. Eit av desse kan vere å auke den statlege innsatsen frå 100 til 500 millionar i året. Det vil løyse ut utbygging på ca. 1,5 milliard. Stort meir handterer vi truleg ikkje. Men det ville vere langt meir rentabelt enn dei fleste vegstubbar i dette landet. Og koste mindre. Større kommunar ville då faktisk kunne gjere i alle fall denne jobben.